Tag Archive for: Glesnes Ungdomslag

Glesværløpet

Glesværløpet 2018

Bli med på Glesværløpet søndag 28. oktober 2018 !

Ei fin haustoppleving for små og store, mosjonistar og konkurranseløparar. Løypa er ca 4.3 km og går rundt i kystmiljøet på Glesvær mellom gamle naust, på velbrukte gardsvegar, litt asfalt og litt sti. Du kan konkurrere på tid eller gå i turklassen og vere med på løyperebusen til Sund Turlag. Løpet starter og ender ved Glesvær Kafè, med påmelding og premieutdeling i naustet til  Blomvågnes Bakke. Parkering på baksida av kafeen. Det er laga ein ny sti frå enden av Vodlavegen over til Porsvikavegen.
Alle får saft og deltakarpremiar når dei kjem i mål, og det blir også trekt ut premiar på startnummera.
Løpet er eit samarbeid mellom Glesnes ungdoms- og idrettslag og Sund Turlag https://www.facebook.com/SundTurlag/ og

Sponsa av;  Glesvær rorbu, Glesvær Kafè, Sotra Fiskeindustri og Bogen Fiskeri A/S.

Påmelding frå kl. 11.30 i naustet til Bakke ved Glesvær kafè.

START:
• Kl. 12.15 Turklasse
• Kl. 12.45 Konkurranseklasse ungdom (opp til 15 år)
• Kl. 13.00 Konkurranseklasse vaksen

Konkurranseklasse
Vaksne
Forhåndspåmelding kr. 200,-
Påmelding ved start kr. 250,-

Ungdom t.o.m. 15 år
Forhåndspåmelding kr. 150,-
Påmelding ved start kr. 200,-

Turklasse
Vaksne: kr. 70,-
Barn: kr 50,-

Deltakarpremiar til alle. Trekking av premiar på startnr. og på turlagets turtipp.
Premiar i konkurranseklasse for vaksne:
1. Gåvekort på kr. 1200,- Glesvær kafe
2. Gåvekort på kr. 600,- Glesvær kafe
3. Gåvekort på kr. 400,- Glesvær kafe

Premiar i konkurranseklasse unge:
1. Gåvekort på kr. 600,- Glesvær kafe
2. Gåvekort på kr. 400,- Glesvær kafe
3. Gåvekort på kr. 300,- Glesvær kafe

Visste du at lag og foreninger må betale lisens til Norges Friidrettsforbund for å arrangere mosjonsløp? Deltakaravgiften på løpet gir ikkje overskot til laget. Målet er å ha eit kjekt arrangement for små og store.

Alle arrangementa til ungdoms- og idrettslaget er basert på frivillig innsats. Ta gjerne kontakt om du ønskjer å vere med 🙂
Barnevennlig

Arrangørens Hjemmeside

Jazzkonsert

Bestill gjerne bord i kafeen for en matbit før konserten starta. I kafeen er det begrensa med plass den kvelden. Grunnet annet arrangement  med cognacklubben er det billett for å delta på det koster kr 550,- uten mat. Bordbestilling Tlf 56339080 eller post@holmakaien.no

Nb ! denne konserten er på ungdomshuset arrangert av Glesnes Ungdomslag.

Billett kr 250,-
Dørane opnar kl 20:00, konsertstart kl 21:00
Aldersgrense 18 år, sal av øl og vin

Ein bortimot perfekt kombinasjon. Strilamålet – det mest jordnære og direkte ein vel kan tenkja seg av dialektar. Og jazzmusikken som på same vis talar rett til folks hjarte. Rart at ingen har tenkt på det før,
å setja dei to saman. Det seier Inger Helen Midtgård i Alversund Mållag. Og det ho snakkar om, er jazzprosjektet»Jazz på strilamål», som bonden, læraren og musikaren Reidar Konglevoll står bak.
Som tittelen røper, har Konglevoll skrive ny, norsk tekst til mange av dei mest kjende og
kjære jazz-klassikarane.

Laurdag 3.februar får publikum oppleva denne super-kombinasjonen jazz på strilamål, i ein
konsert i regi av Glesnes UL. Med seg der har

Reidar Konglevoll eit solid jazz-lag i Andreas
Westermoen kvintett.
Arbeidet med nye tekstar til gamle klassikarar har vore svært kjekt, seier Reidar Konglevoll.
At musikk og dialekt er ein god kombinasjon har me alt fått mange gode tilbakemeldingar på.
Og eg synest at strilamålet, som eg er både glad i og stolt av, passar som hand i hanske til nettopp jazzmusikken.
Gamle, gode og kjende svisker ,swing og latinlåtar vert med mine
tekstar ei ny og annleis oppleving der strilen, strilamålet og kystkulturen står i sentrum.
Her er kvardagshendingar, humor og meir personlege tankar saman med musikk som svingar.
Slowboat to China er td. i min versjon blitt til Ferja på fjorden, ein hyllest til ferjesambandet mellom Steinestø og Knarvik.

Girl from Ipanema vert på strilamål songen om Ho frå
Ostereidet, berre for å nemna nokre av klassikarane som framstår i ny drakt.
Hausten 2017 gjorde me ferdig ein cd med strilajazz som har vorte svært godt motteken .
Me hadde sleppefest og konsert 3.november med utseld hus . Denne cd plata vert å få kjøpt
på konserten Glesnes UL arrangerer laurdag 3. februar.
Me ser fram til ein triveleg kveld med jazz og strilamål på Glesvær laurdag 3.februar !

Her er lenke til Glesnes ungdomslag og konserten via FB

Fra Glesværløpet 2016. Kommer du i 2017 ?

Bilder fra løpet 2016

Bli med på Glesværløpet søndag 29. oktober! Ei fin haustoppleving for små og store, mosjonistar og konkurranseløparar.
Løypa er 4.3 km og går rundt i kystmiljøet på Glesvær mellom gamle naust, på velbrukte gardsvegar, litt asfalt og litt sti. Du kan konkurrere på tid eller gå i turklassen og vere med på løyperebusen til Sund turlag. Løpet starter og ender ved Glesvær kafè, med påmelding og premieutdeling i naustet til Bakke. Parkering på baksida av kafeen.
Alle får saft og t-skjorter når dei kjem i mål, og det blir også trekt ut premiar på startnummera.

Løpet er eit samarbeid mellom Glesnes ungdoms- og idrettslag og  /SundTurlag/ og sponsa av Glesvær rorbuer, Handelstaden Gl…

Glesvær, Glesvær Kafè, Sotra fiskeindustri, Glesværbadet og Bogen fiskeri A/S.

Påmelding frå kl. 11.30 i naustet til Bakke ved Glesvær kafè.

START:

• Kl. 12.15 Turklasse

• Kl. 12.45 Konkurranseklasse ungdom (opp til 15 år)

• Kl. 13.00 Konkurranseklasse vaksen

Vinnarane i konkurranseklassane vinn gåvekort frå Glesvær kafè:

Vaksne damer og herrer:
1. premie, gåvekort på 1200,-
2. premie, gåvekort på 600,-
3. premie, gåvekort på 400,-

Ungdomsklassen jenter og gutar:
1. premie, gåvekort på 600,-
2. premie, gåvekort på 400,-
3. premie, gåvekort på 300,-

Deltakaravgift.  Påmelding via deltager no, eller på plassen i god tid før start.

Husk  ! kontanter til deltageravgift om du skal melde deg på ved start.  Kan og overføre til ungdomslag og ta med kvittering.

 

Konkurranseklasse /Vaksne

Forhåndspåmelding kr. 200,-

Påmelding ved start kr. 250,-

 

Ungdom t.o.m. 15 år

Forhåndspåmelding kr. 150,-

Påmelding ved start kr. 200,-

 

Turklasse

Vaksne: kr. 70,-

Barn: kr 50,-

Velkomen!

Barnevennlig