Laster Arrangementer

« All Events

  • Dette event har allerede funnet sted.

Jazzkonsert på Strilamål – ungdomshuset

03/02/2018 @ 22:00 CET

- NOK250

Jazzkonsert

Bestill gjerne bord i kafeen for en matbit før konserten starta. I kafeen er det begrensa med plass den kvelden. Grunnet annet arrangement  med cognacklubben er det billett for å delta på det koster kr 550,- uten mat. Bordbestilling Tlf 56339080 eller post@holmakaien.no

Nb ! denne konserten er på ungdomshuset arrangert av Glesnes Ungdomslag.

Billett kr 250,-
Dørane opnar kl 20:00, konsertstart kl 21:00
Aldersgrense 18 år, sal av øl og vin

Ein bortimot perfekt kombinasjon. Strilamålet – det mest jordnære og direkte ein vel kan tenkja seg av dialektar. Og jazzmusikken som på same vis talar rett til folks hjarte. Rart at ingen har tenkt på det før,
å setja dei to saman. Det seier Inger Helen Midtgård i Alversund Mållag. Og det ho snakkar om, er jazzprosjektet”Jazz på strilamål”, som bonden, læraren og musikaren Reidar Konglevoll står bak.
Som tittelen røper, har Konglevoll skrive ny, norsk tekst til mange av dei mest kjende og
kjære jazz-klassikarane.

Laurdag 3.februar får publikum oppleva denne super-kombinasjonen jazz på strilamål, i ein
konsert i regi av Glesnes UL. Med seg der har

Reidar Konglevoll eit solid jazz-lag i Andreas
Westermoen kvintett.
Arbeidet med nye tekstar til gamle klassikarar har vore svært kjekt, seier Reidar Konglevoll.
At musikk og dialekt er ein god kombinasjon har me alt fått mange gode tilbakemeldingar på.
Og eg synest at strilamålet, som eg er både glad i og stolt av, passar som hand i hanske til nettopp jazzmusikken.
Gamle, gode og kjende svisker ,swing og latinlåtar vert med mine
tekstar ei ny og annleis oppleving der strilen, strilamålet og kystkulturen står i sentrum.
Her er kvardagshendingar, humor og meir personlege tankar saman med musikk som svingar.
Slowboat to China er td. i min versjon blitt til Ferja på fjorden, ein hyllest til ferjesambandet mellom Steinestø og Knarvik.

Girl from Ipanema vert på strilamål songen om Ho frå
Ostereidet, berre for å nemna nokre av klassikarane som framstår i ny drakt.
Hausten 2017 gjorde me ferdig ein cd med strilajazz som har vorte svært godt motteken .
Me hadde sleppefest og konsert 3.november med utseld hus . Denne cd plata vert å få kjøpt
på konserten Glesnes UL arrangerer laurdag 3. februar.
Me ser fram til ein triveleg kveld med jazz og strilamål på Glesvær laurdag 3.februar !

Her er lenke til Glesnes ungdomslag og konserten via FB