

Fra Glesværløpet 2016. Kommer du i 2017 ?
Bilder fra løpet 2016
Bli med på Glesværløpet søndag 29. oktober! Ei fin haustoppleving for små og store, mosjonistar og konkurranseløparar.
Løypa er 4.3 km og går rundt i kystmiljøet på Glesvær mellom gamle naust, på velbrukte gardsvegar, litt asfalt og litt sti. Du kan konkurrere på tid eller gå i turklassen og vere med på løyperebusen til Sund turlag. Løpet starter og ender ved Glesvær kafè, med påmelding og premieutdeling i naustet til Bakke. Parkering på baksida av kafeen.
Alle får saft og t-skjorter når dei kjem i mål, og det blir også trekt ut premiar på startnummera.
Løpet er eit samarbeid mellom Glesnes ungdoms- og idrettslag og /SundTurlag/ og sponsa av Glesvær rorbuer, Handelstaden Gl…
Glesvær, Glesvær Kafè, Sotra fiskeindustri, Glesværbadet og Bogen fiskeri A/S.
Påmelding frå kl. 11.30 i naustet til Bakke ved Glesvær kafè.
START:
• Kl. 12.15 Turklasse
• Kl. 12.45 Konkurranseklasse ungdom (opp til 15 år)
• Kl. 13.00 Konkurranseklasse vaksen
Vinnarane i konkurranseklassane vinn gåvekort frå Glesvær kafè:
Vaksne damer og herrer:
1. premie, gåvekort på 1200,-
2. premie, gåvekort på 600,-
3. premie, gåvekort på 400,-
Ungdomsklassen jenter og gutar:
1. premie, gåvekort på 600,-
2. premie, gåvekort på 400,-
3. premie, gåvekort på 300,-
Deltakaravgift. Påmelding via deltager no, eller på plassen i god tid før start.
Husk ! kontanter til deltageravgift om du skal melde deg på ved start. Kan og overføre til ungdomslag og ta med kvittering.
Konkurranseklasse /Vaksne
Forhåndspåmelding kr. 200,-
Påmelding ved start kr. 250,-
Ungdom t.o.m. 15 år
Forhåndspåmelding kr. 150,-
Påmelding ved start kr. 200,-
Turklasse
Vaksne: kr. 70,-
Barn: kr 50,-
Velkomen!
Barnevennlig